english version

 

StÝttespelarar:


Andre stÝttespelarar


Medaljeoversikt:
G S B
RUS414
NOR400
GER154
AUT113
SWE110
POL110
KAZ110
FIN012
SUI010
CZE010

"... Stryn ligg midt i Fjord Noreg og har gode idrettsarenar som stŚr klar til kappestrid mellom dei mange nasjonane og dei framtidige eliteutÝvarar... "

Arena - Ullsheim

Markane Idrettslag

Kart langrennsarena
Kart langrennsarena
I nokre hektiske vinterdagar i 2004 skal vi vere vertskap for Jr.-VM p√• ski, nordiske greiner. P√• same arena som Bj√łrn D√¶hlie, Vegard Ulvang og Thomas Alsgaard kjempa om NM-gull i 1996, skal dei komande olympiarar ogs√• f√• h√łve til √• konkurrere om meisterskapstitlar.
Eitt av arrang√łrlaga, Markane Idrettslag vart skipa i 1905, og hovudaktivitetane har vore ski og friidrett. Sidan byrjinga av 70-talet har ogs√• o-sporten st√•tt sterkt. I 1975 arrangerte laget NM-langdistanse, og beviste med det at ogs√• sm√• idrettslag kunne ta p√• seg st√łrre oppg√•ver.
I tillegg har laget vore arrang√łr av Nord-vestgaloppen i orientering ei rekkje gongar, der vi har vore opp i over 800 deltakarar fr√• 10 nasjonar.

Og utover mot slutten av 70-√•ra hadde vi ved fleire h√łve deler av langrennseliten p√• plass i skil√łypene her.
I 1977 starta vi opp med anleggsutbygging, der ei lysl√łype p√• ca.3 km. var f√łrste trinn. Fram til i dag s√• har vi investert over 15 millionar kroner, og arrangert fleire st√łrre skirenn, med NM-senior i 1996 som f√łrebels h√łgdepunkt.
Markane IL har ogs√• installert sn√łproduksjonsanlegg, eit anlegg som no er under utviding for √• kunne legge sn√ł p√• lengre trasear.
Neste punkt i anleggsplanen er rehabilitering av skiskyttarstadion, kostnadsrekna til 1,1 mill.

Laget har i dag rundt 250 medlemmar der dei fleste bur i bygda Markane, dette vakre dalf√łret mellom Stryn og Hornindal, som ogs√• har gjeve namn til idrettslaget. Du vil oppdage at landskapet er meir ope og langstrakt enn i dei fleste andre vestlandsbygder.
I tillegg til tradisjonelt jordbruk, har skogen hatt mykje å seie for levekåra til bruka her. Særs god bonitet for furu, gjorde i tidlegare tider virke frå Marka-skogane vide kjent.

Profil langrenn, 1km
Profil langrenn, 1km
Profil langrenn, 2,5 km
Profil langrenn, 2,5 km
Profil langrenn, 5 km
Profil langrenn, 5 km
Ullsheim skistadion, der langrenns√łvingane g√•r, ligg p√• ca. 350 m. over havet. Stadion og l√łyper er utpeika som fylkesanlegg for langrenn og skiskyting, og i tillegg til FIS-godkjende konkurransel√łyper, har vi eit unikt turl√łypenett som er eitt av dei finaste i sitt slag i heile landet. L√łypene passerer fleire stader nedlagde s√¶trar, der gamle bygningar vitnar om ein heilt annan livsstil enn den vi f√łrer i dag.
For dei aller yngste har vi laga eit spennande skileik-omr√•de som s√łndagar i vinterhalv√•ret ofte er fullt av entusiastiske ungar p√• enten ski eller akebrett.

Sj√łlv om vi held til i distrikts-norge, f√łler vi likevel at bur sentralt til. God kommunikasjon til Oslo, Bergen, Trondheim og √Ölesund, gjer sitt til √• betre livskvaliteten til folk som bur her.

Siste lister

Resultatlister
Kombinert, sprint, totalt:
8. feb: PDF
Langrenn, stafett, menn:
8. feb: PDF
Hopp, kvinner, team.:
8. feb: PDF
Langrenn, stafett, kvinner:
8. feb: PDF
Kombinert, sprint, hopp:
8. feb: PDF

Startlister
Langrenn, stafett, menn:
8. feb: PDF
Langrenn, stafett, kvinner:
8. feb: PDF
Hopp, kvinner, team.:
8. feb: PDF
Kombinert, sprint, hopp:
8. feb: PDF

Alle lister

Sist oppdatert:

Tyskland vann nasjonskampen i VM
Petter L.Tande tok sitt tredje VM-gull!
Norsk laggull for kvinner i FIS rennet i Bj√łrkelibakken
Kazakhstan tok gull på herrestafetten i jr-Vm i dag
Tande leiar kombinert sprinten

 

CMS: (dagenDin)